Fjelltur og oppgåveskriving – Ein liten oppdatering frå New Zealand

Kia ora! No har det gått ei stund sidan eg sist oppdaterte dykk om korleis det går her i Aotearoa/New Zealand. Eg har måtte finne fram ullgenser for no byrjar det å gå mot haust her, noko ein kan sjå att i dei raude lauva på trea. Dunedin ligg så langt sør at klimaet her kan minne om ein litt varmare versjon av Noreg. Det har vore nokre ganske hektiske, men svært innhaldsrike veker. Det er mange tekstar å lese og oppgåver å skrive, og ikkje minst så er det mykje natur å sjå før eg reiser heimatt til Noreg. Eg har så langt vore på campingtur til The Catlins for å sjå sjøløver, gått fjelltur opp Mount Cook, som er det høgaste fjellet i New Zealand, og eg reiste til Fiji i påskeferien. Det sistnemde vart ikkje heilt den idylliske strandferien ein kanskje forbinder med Fiji pga ein tropisk syklon, men eg fekk i det minste sett litt av det Fiji har å by på.

Campingtur til the Catlins

Fotografering av sjøløver

 

 

 

 

 

 

 

 

Soloppgang ved Balls Hut på Mount Cook

I dette innlegget tenkte eg å fortelje litt meir om universitetet her og kva for emne eg tek. Som eg nemnde i forrige innlegg så er University of Otago det eldste universitetet i New Zealand, oppretta i 1869, og det er faktisk det mest sørlegliggande universitetet i heile verda. Det er eit universitet i verdensklasse med moderne forelesingssalar og andre fasiliteter. Eg er særs nøgd med at eg valte å reise på utveksling her. Forelesarane eg har hatt til no har alle vore veldig dyktige til å formidle av kunnskapen sin. Eg studerar som nemnt tidelegare sosialantropologi heime i Bergen, men her i New Zealand har eg valt å ta nokre emne innan arkeologi òg. Til saman tek eg fire emne som utgjer 30 studiepoeng.

Emna eg tek her er: «ANTH204 – Pacific and New Zealand Archaeology», «ANTH208 – Archaeological Methods», «ANTH211 – Contemporary Ethnographic Research» og «ANTH327 – The Anthropology of Money». Alle svært interessante fag. I ANTH204 lærar me om korleis øyene i Stillehavet vart befolka og om korleis menneskeleg aktivitet har forma øyene. Det er utruleg fascinerande! ANTH208 er meir eit metodefag kor me lærar korleis arkeologar går fram for å finne spor etter menneskeleg aktivitet, kva verktøy dei brukar og korleis ein skal analysere og tolke det heile. ANTH211 kan òg minne om eit metodefag, men her utfører me faktisk eit antropologisk forskningsprosjekt kor temaet er venskap. Me har fått prøve oss på å utføre etnografiske intervju som me seinare skal analysere i datalaboratoriet oppe på instituttet her. Og til slutt, ANTH327 omhandlar alt som har med pengar å gjere. Frå varebytte i Amazonas til skattefusk i Monaco, her lærar me kva pengar eigentleg er for noko, historia bak det, kva det betyr for oss og kvifor me brukar det.

Når det kjem til karaktersystemet her i New Zealand så er det litt annleis en det me har heime i Bergen. Her er det nemlig slik at forskjellige innleveringar eller testar ila av semester utgjer ein viss prosent av sluttkarakteren din. Kvar individuelle oppgåve vert òg målt i prosent og alt vert kalkulert saman til ein karakter til slutt. Med andre ord så kan eg t.d. få 75%, som tilsvarar B+, på ei oppgåve som igjen kan vere 25% av den totale sluttkarakteren. Heldigvis er det litt større slingringsmonn her så alt over 80% er ein A, medan alt over 90% er ein A+. Det er framleis litt uvant for meg dette her, altså. Noko som òg er litt uvant er at me må levere oppgåvene inn i form av fysiske kopier. Heime er eg vant til at alt er digitalt.

Øver oss på å kartlegge potensielle arkeologiske «sites» i den botaniske hagen

Kea-fuglen, verdas einaste alpine pappegøye. Ein kan finne dei på Mount Cook.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tasman-isbreen.

På tur opp Mount Cook

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjøløve i Cannibal Bay

Strand i the Catlins

 

 

 

 

 

 

 

 

Gjørmebad i Fiji

Kjøleg kulp utanfor Suva i Fiji

 

 

 

 

Solnedgang utanfor 850 Cumberland St

Tasman-isbreen

Det var alt eg hadde å meddele for denne gong! Kia ora!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.