Kia ora from Aotearoa!

Kia ora!

Utsikt over Dunedin frå Signal Hill.

Mitt namn er Fartein og eg har tidelegare skrive om utvekslingsopphaldet mitt ved Københavns Universitet, men no skal eg altså skrive om eit nytt utvekslingsopphald ved University of Otago i New Zealand, eller Aotearoa som maoriane kallar landet. Universitetet ligg i byen Dunedin, også kjent som «Edinburgh of the South», som ligg ganske langt sør på austkysten av Sørøya. For dei som ikkje er lommekjent med New Zealand sin geografi så består landet av to større øyer, Nord- og Sørøya, samt ein del mindre øyer lenger ut i havet. Wellington, som er hovudstaden, og Auckland, som er den største byen, ligg på Nordøya. Det bur altså langt fleire folk på Nordøya enn det gjer på Sørøya, men Otago University, som ligg i Dunedin, er faktisk det eldste universitetet i New Zealand og vart oppretta i 1869. Det er her i Dunedin eg skal bu dei neste fire månadane, og det trur eg vert ganske så spanande. Her er det forresten framleis sumar sidan årstidene er omvendt så langt sør for ekvator. Eg reiste altså frå snø og kulde til sol og varme, men det varar nok ikkje så lenge sidan eg har høyrd at deg kan verte ganske kaldt her òg om om vinteren. Altså når det er sumar heime. New Zealand ligg òg 12 timar framfor Noreg, noko som gjer det litt vanskeleg med kommunikasjon heim.

Eg ankom New Zealand for omlag tre veker sidan etter å ha vore på reisefot i nesten fire dagar. Det var litt slitsomt. Spesielt sidan flyet mitt vart forsinka ut av Flesland grunna snø på rullebanen som førte til at eg ikkje rakk flyet som skulle ta meg vidare til Qatar frå København. Eg måtte difor tilbringe ei natt i København, men heldigvis fekk eg gratis opphald på hotell og mogleiken til å møte nokre av venene mine som vart igjen i Køben. Etter dette gjekk turen vidare med mellomlanding i Doha og Sydney. Etter å ha reist langt og lenger enn langt kom eg endeleg fram til Christchurch i New Zealand kor eg måtte overnatte ei natt for så å ta buss i seks timar neste morgon. Eg rulla inn i Dunedin torsdag ettermiddag 15. februar, gjekk og henta nøkkelen til leiligheten min og gjekk rett og la meg. Jetlag er ein veldig verkeleg ting og det er ikkje er ikkje noko særleg gøy.

Klokketårnet på campus

Den første veka mi her var det orienteringsveke, litt sånn som fadderveka heime i Bergen. Folk nytta då høve til å feste og verte kjent med kvarandre. Leiligheten min ligg i ei gate som heiter Cumberland Street og det ligg parallelt med Castle Street som er kjent for å vere ei festgate med ganske mange husfestar, men eg merkar ikkje så mykje til det utan at eg oppsøkar det. Alle studentane bur rett i nærleiken av campus og det er nesten som eit lite samfunn for seg sjølv. Omlag 20% av alle som bur i Dunedin er studentar og det merkar ein verkeleg på atmosfæren her.

Eg bur i ein leilighet med fem andre studentar. Dei kjem frå Frankrike, USA, Samoa og New Zealand, så me er eit ganske internasjonalt kollektiv. Det er ganske kult. Eg fekk ein stad å bu gjennom UniFlats som er ein organisasjon som leigar ut til studentar her. Det verkar som om utvekslingsstudentar får prioritet når det kjem til leilighet. Dei to kiwiane (New Zealanderane) som bur her er såkalla «kiwi-hosts» som skal hjelpe oss å navigere i det New Zealandske samfunnet. Det er ei veldig i grei ordning og det har gjort det litt enklare å finne seg til rette her. Eg kjem til å skrive om dei diverse kulturforskjellane ved eit anna høve.

Sjølv om eg berre har vore her i tre veker så har eg fått sett meg litt rundt. Ein treng nesten ein bil for å kome seg fram her, men heldigvis har begge New Zealandarene eg bur med bil. New Zealand byr på heilt fantastisk natur! Det kan nesten minne litt om Noreg, men så ser ein nokre tropiske plantar og innser at ein ikkje er Nord-Europa lenger.

Dette var alt for no, men de kjem nok til å høyre frå meg snart! Kia Ora! (p.s dette er både ei helsing og ein avskjed på maori).

Klokketårnet på campus

Leiligheten min. 850 Cumberland St.

Marknad utanfor togstasjonen.

Rugbykamp mellom Blues og Highlanders.

Ein sel på stranda Aramoana.

Utsikt ved Aramoana.

Ganske kul steinformasjon.

Utsikt over Sandfly Beach ein halvtime utanfor Dunedin.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.