Frå Danmark til New Zealand

Hei, det er meg igjen! Eg har allereie skrive blogg om utvekslingsopphaldet mitt ved Københavns Universitet og kjem no òg til å skrive blogg om utvekslingsopphaldet mitt ved University of Otago i Dunedin, New Zealand. For dei av dykk som ikkje har lest dei førre blogginnlegga mine så heiter eg Fartein og eg tek ein bachelorgrad i sosialantropologi ved UiB.

Dette vert altså mitt andre semester som UiB-ambassadør og eg tenkjer først å samle nokre lause trådar frå opphaldet mitt i Danmark før eg byrjar å skrive om New Zealand. Det eg har gløymd å informere om frå Danmark er nemleg eksamensforma. Eg hadde 4 digitale eksamenar som alle skulle inn 5. januar. Det gjorde sjølvsagt at eg måtte sitte og arbeide med eksamen midt i jula, men det gjekk ganske greit. Københavns Universitet er nokså fleksible når det kjem til å ta opp att eksamen og eg valte difor å levere blankt på ein av eksamenane for å lette litt på arbeidspresset. Slik det fungerar då er at ein meldar seg opp til ein reeksaminering som vanlegvis skjer i byrjinga av februar. No er eg heilt ferdig med alle eksamenane og ventar eigentleg berre på å få utbetalt resten av erasmusstipendet så er eg heilt ferdig med Danmark.

Det var alt eg hadde å meddele denne gongen. Neste innlegg vil vere frå New Zealand!

Takk for eit fantastisk opphald!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.