På gjensyn, København!

Solnedgang med «Den Sorte Diamant» (det kongelege biblioteket)

Hallais! No byrjar det å nære seg slutten for mitt opphald her i kongens by. Det er litt under ei veke att og det er med tungt hjarte at eg skriv denne bloggen (p.s. ikkje eigentleg, det går heilt fint altså). No går det mot jul og eksamenstid her, og det vert berre mørkare og kaldare. Eg har lova at eg skulle fortelja litt meir om dei ulike emna eg tek her i København og korleis dei er bygd opp. Dette innlegget vil difor vere dedikert til nettopp dette. Eventuelle bilete kjem difor ikkje til å ha så mykje med teksten å gjere anna enn at dei er tatt i København.

Universitetet her i København er på mange måtar veldig likt universitetet i Bergen. Lite er obligatorisk og det er opp til kvar enkelt student kor strukturert ein ønskjer å vere. Oppmøte i forlesingane er t.d. ikkje obligatorisk, men det seier seg sjølv at det å ikkje møte opp i forelesingane er som å skyte seg sjølv i foten. Tilhøvet mellom forelesarane og studentane er for det meste uformelt og lite hierarkisk. Denne mangelen på hierarki er forøvrig noko som er karakteristisk for Danmark generelt. Dette bidrar til at det er ein lav terskel for å prate med forelsarane etter forelesing. Det har òg vore tilfelle der forlesaren har invitert oss studentane med ut for å ta ein øl, diskutere fag og verte kjende med våre medstudentar i ein uformell setting.

Eksamenane her følgjer eit mønster eg aldri har sett før. Dei har noko som dei kallar for porteføljeeksamen kor ein skriv tre eller fire mindre «eksamenar» ila semesteret som så vert levert inn som ein stor eksamen på slutten. Dette er visst for å lette på arbeidspresset i slutten av semesteret då dei fleste elektroniske eksamenar har innlevering same dato, nemleg 05. januar. Dette gjeld òg eksamen i dei fire emna eg tek.

Her i København tek eg altså fire ganske så forskjellige emne, men alle er innan antropologi. Det akademiske nivået her er høgt og eg har lært mykje. Dette var òg mykje av grunnen til at eg valte utveksling i København. Her kjem ein liten gjennomgang av emna eg tek.

Det første emnet heiter «Protest, Resistance, Rebellion and Revolution» og vert undervist av assisterande professor Matthew Carey. Dette emnet er ei innføring i ulike formar for motstand både historisk og i samtida sett med eit antropologisk perspektiv. Matthew er ein utruleg kunnskapsrik forelesar og om eg skal vere heilt ærleg så har dette vore det mest interessante emnet mitt her hjå KU. Han har ført oss gjennom grandios revolusjonær filosofi heilt frå antikken og fram til meir moderne etnografiske innblikk i noverande formar for motstand og revolusjonært tankegods. Frå Hobsbawm sine «social bandits», «the new communist man» til anarkisme og Rojava. Eksamen i dette emnet er i form av eit essay på 27 000 tastetrykk. Her går det nemleg ikkje på ord, men heller på tastetrykk når det kjem til kor lange oppgåvene skal vere. 27 000 tastetrykk er som regel kring 3000 ord.

Det andre emnet eg tek heiter «The Anthropology of Migration – introductory course» og vert undervist av postdoktor Anja Simonsen. Emnet er ei innføring i migrasjon og alle faktorane som førar til det samt problematikken kring det. Me har lært om forskjellige grunnar til kvifor folk migrerer og kva motstand dei møter i møte med nasjonalstaten. Eit veldig relevant emne med tanke på kva som skjer kring i verda i dag. Dette emnet følgjer ein såkalla porteføljeeksamen kor me skriv tre mindre essay i løpet av semesteret som til saman skal utgjere om lag 30 000 tastetrykk.

Det tredje emnet eg tek heiter «Organizational Anthropology» og vert undervist av professor Melissa Fisher. I dette emnet får me ei innføring i det som òg kan kallast for ‘business anthropology’, det er rett og slett ei innføring i ulike måtar å studere organisasjonar på. Det er eit interessant nok emne, men eg må heilt ærleg seie at sjølve forelesingane kunne vore betre. Professor Fisher er heilt ny i København. Ho har tidelegare undervist hjå universitetet i New York og har difor ikkje heilt satt seg inn i det danske systemet. Slik det er no har me ikkje fått noko eksamen av ho, men eg reknar med at det er eit essay på om lag 27 000 tastetrykk.

Filmprosjekt i den norske sjømannskirken i København

Det fjerde, og siste, faget eg tek heiter «Visual Anthropology» og vert undervist av postdoktor Perle Møhl. I dette emnet lærar me kort sagt korleis å analysere og å lage etnografisk film. Visuell antropologi er ein underdisiplin av sosialantropologi som nyttar seg av visuelle samt audiovisuelle media for å skape og formidle antropologisk kunnskap. Dette skjer som regel i form av etnografisk film og bilete, men i nyare tid har òg andre formar for media vorte nytta. Det er òg eit fokus på korleis slike media vert nytta og har vorte nytta av ulike kulturar. Dette emnet har kanskje den meste spanande forma for eksamen. Me har nemleg produsert våre eigne etnografiske filmar om eit valfritt tema som me så skal skrive ein liten rapport om. Utfordrande og veldig givande for ein som er mest vant til å sitte på skulebenken og lese.

Dette var alt for denne gong. No må eg nesten kome meg tilbake til eksamenslesinga. Etterkvart må eg vel kanskje byrje å pakke kofferten, men eg kjem noko tilbake ein gong. Då er det berre ein ting å seie: På gensyn, København! Vi sees snart igen!

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.