15 viktige lekser eg har lært om Italia

Endeleg er eg heime i Bergen etter eit semester i Roma. Som eg allereie har skrive før er Roma byen for deg som har mange interessar, som alt frå historie og religion, til arkitektur og politikk. Det er ein veldig levande by der det alltid skjer noko. Der er mange vakre parkar og høgder der ein kan slappe av og nyte utsikta, og der er nokre av dei travlaste gatene og knytepunkta i verda. Som utvekslingsstudent frå Norge er det likevel ein del ting eg har lagt merke til, av kotymer og normer som er noko annleis enn i Noreg. Her kan du få lese om femten av dei viktigaste tinga eg lærte som utvekslingsstudent i Roma:

  1. Søk gjerne om å få MIC-kort dersom du er glad i museum. Dette gir ubegrensa med tilgang på mange museum i Roma, for berre 5 €. (Dette er for innbyggjarar, men også mogleg å få tak i som utvekslingsstudent)
  2. Reis deg for alle damer over 50 på bussen. Alltid.
  3. Sidan vi først snakkar om buss, mottoet til alle italienarar er “det er alltid plass til ein til”. Dermed, det er lurt å unngå rushtida når du skal ta kollektivtransport.
  4. Smør deg med tolmodigheit. Dette vart eg fortalt, men tok det ikkje veldig alvorleg i starten. Men seriøst, italiensk administrasjon (for eksempel på universitetet) kan vere uryddig, ikkje veldig effektivt og nokre gonger vanskeleg å forstå. Ta deg tid til å forstå.

    Funfact om Trevifontenen: Ifølgje fleire kjelder kastast det myntar med verdi på over 30.000 kroner i fontenen kvar dag.

  5. Om du vil inn i St. Peterskyrkja er det lurast å kome klokka 18. Då har du god tid inne, og utanfor er køen minimal. Her er det også gratis adgang.
  6. Glømte du øyreproppane heime? Frykt ikkje – her er det sosialt akseptert å høyre på høg musikk frå mobiltelefonen uansett kvar ein er!
  7. For å finne bustad anbefalar både eg og UniRoma3 uniplaces.com og spotahome.com. Dette er berre nokre av dei mange sidene for studentar, men definitivt dei beste med tanke på informasjon og bilete. Her er det også ofte mogleg å finne rabattkodar på Google!
  8. Prøv å ete variert, og då meiner eg ikkje pizza og pasta annakvar dag. Dette er to mattypar du kjem til å bli kjempelei av, dessverre.

    Ekstratips: Gå på Roma eller Lazio-kamp! Stadio Olimpico er verdt turen.

  9. Tilbake til buss. Bruk gjerne appen Moovit som korresponderer med ATAC som køyrer bussane i Roma. Men hugs på at rutetidene berre er eit forslag i Italia. Om bussane faktisk kjem til oppsatt tid kan det kallast eit mirakel. 
  10. For å bygge vidare på punkt 8: Metroen er ofte meir påliteleg, men ikkje utbygd over alle bydelene. ATAC-kortet fungerer også her!
  11. Sjølv om du ser norske flagg er du nok ganske aleine som nordmann forutan i turistsesongen. (Alle har Napapijri-jakke…)
  12. Prisane på kafear og restaurantar er skummelt mykje dyrare jo nærmare det historiske sentrum ein er. Eit tips kan vere å finne dei som er nær universiteta, for der er det ofte mykje billegare og samstundes koseleg.
  13. Prøv å lære deg språket, og gjerne før du reiser sørover. Det er mykje informasjon i byen som er vanskeleg å få på engelsk, og mange folk held seg også berre til italiensk.

    Forum Romanum husar uendelig mykje viktig historie. Sjølv om du kan sjå store deler frå bilvegen, er ein tur inn på området også verd pengane.

  14. Eit godt tips er å alltid ha med deg eit sjal når du er ute. Skulle du få lyst til å besøke ei kyrkje eller museum slepp du nødig inn utan, fleire plassar.
  15. Dette er kanskje det viktigaste punktet. Det regner faktisk også i Roma. Mengdene og intensiteten kan derimot ikkje samanliknast med Bergen, men likevel verker infrastrukturen i byen å bli påverka nesten kvar gong. Butikkar stenger og kollektivtransporten stoppar ved større mengder regn. Heldigvis kan du kjøpe paraplyar på alle gatehjørner, då selgarar på mystisk vis dukkar opp kvar gong skyane blir mørke.

Nokre av punkta kan kanskje verke noko negative, men ikkje misforstå meg. Italia er eit fantastisk land, og Roma er ein nydeleg by. Dei har eit rikt Erasmus-tilbod med mange ulike grupper i byen, der du kan ta del i utfluktar, idrett, barkveldar, guida turar i byen og mykje meir. Dette er berre nokre av leksene eg lærte, og så lenge ein har eit opent sinn og er villig til å tilpasse seg reglane i sør, er eg sikker på at du også kan få ei fantastisk studietid i Roma.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.