Å studere med amerikanarar i hjartet av Roma

Hei alle saman!

Allereie tidleg i september pakka eg koffertane og dro sørover til Roma for å studere. Så langt er eg allereie ferdig med midterm-eksamen, ettersom eg som student ved Roma Tre-universitetet har oppdaga at det engelskspråklege fagtilbodet strekker seg langt utover universitetets grenser. Det er dette eg skal fortelje dykk om no!

Det heile starta med at eg søkte meg inn på fag eg seinare fekk vete at universitetet ikkje tilbydde. Etter mykje fram og tilbake kom det fram at dei faktisk kunne tilby faga, men ved den amerikanske institusjonen IES Abroad. Det er dette som gjer at eg no tek alle faga mine i hjartet av det historiske sentrum, berre eit steinkast unna Vatikanet og Castel Sant’Angelo, saman med nesten utelukkande amerikanarar. 

Her ser du Castel Sant’Angelo. Like på andre side av elva er IES sine klasserom.

Faga eg tek er “Terrorism: An introduction”, “Issues in the Contemporary Catholic Roman Church”, “Fascism: The first totalitarian Religion” og “Italy and the US: A History of a Long-Standing Interaction”. Får du noken gong moglegheita til å delta på noken av desse, så treng du ikkje nøle ein gong.

Eg trur eg kjem til å få ei litt annleis oppleving av utvekslinga enn dei som tek fag ved det opphavelege universitetet, ettersom IES følger den amerikanske måten å kome seg gjennom eit semester på. Dette vil seie; fleire presentasjonar, klasseromsituasjon (og ingen forelesningar) og ikkje minst midterm-eksamenar. Likevel trur eg at eg har vore heldig, for på IES er alle i same båt. Alle er nye i Italia, og å ha ein så elementær ting til felles opnar kanskje lettare opp for å skape det trygge miljøet ein ivrar etter i ein god læringssituasjon. 

I Roma er det alltid noko interessant som skjer. Her var ein klimademonstrasjon i september framfor Parlamentet.

Professorane våre er usedvanleg flinke, og tek seg tid til å sjå kvar og ein av oss i klasserommet. Dette har nok også med at vi får karakter på deltaking i klassen, men det trur eg eigenleg berre er med på å pushe meg til å vere meir ivrig. I tillegg er dei glad i ekskursjonar, og eg har fått opplevd delar av Roma og nærliggande områder som eg aldri hadde gjort forutan.

Det einaste som kan seiast å vere negativt med å ta i bruk IES, er at arbeidsmengda blir ein del større enn den er på Roma Tre. Som ikkje-amerikansk student treng eg også fleire ECTS enn det faga faktisk tilbyr, som vil seie at i alle mine fire fag må eg gjere (store) ekstraoppgåver. Men igjen er professorane gode å ha, og hjelper til så godt dei kan for at vi skal klare å nyte Roma medan vi er her, utan å tenkje altfor mykje på skule. 

Derfor, bodskapen min handlar om at dersom Roma Tre plutselig trekker fag dei opplyste om at dei hadde, er det ikkje sikkert det stemmer heilt. Får du moglegheita til å ta eitt eller fleire fag ved IES, er det absolutt til å anbefale. Professorane, det faglege innhaldet, klasseromssituasjonen og ikkje minst lokasjonen på campus er langt meir enn eg hadde forventa av studietida mi i Italia.

Her ser du Piazza della Minerva, med Pantheon bakerst. I bygget til høgre finn du ofte meg, då det er Biblioteca del Senato della Repubblica.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.