Ditut og attende: Refleksjonar over eit år på utveksling

Kia ora tatou! Mitt namn er Fartein og dei av dykk som har følgd med på denne bloggen veit kanskje at eg studerer sosialantropologi hjå UiB og at eg har vore på utveksling dei to siste semestera. På desse to semestera har eg studert i to land som ligg ganske so langt frå kvarandre. Eg tørr nesten påstå at dei ligg i kvar sin ende av verda. Det første semesteret reiste eg ikkje så langt heimanfrå. Då var eg nemleg i vårt kjære naboland i sør og studerte hjå Københavns Universitet. Etter opphaldet mitt der kan eg for så vidt stadfeste at det reint faktisk er «dejlig å være norsk i Danmark» slik Danmarks Turistkontor eingong påstod. Det andre semesteret vart det ein noko lengre tur. Då reiste eg nemleg til det eg vil påstå er andre sida av verda; New Zealand. Her studerte eg hjå University of Otago i den mellomstore byen Dunedin, som òg vert kalla «Edinburgh of the South». For dei som er interessert i slikt så kan eg fortelja at University of Otago er New Zealands eldste universitet, oppretta i 1879, og var inntil nyleg det sørlegast liggande universitetet i verda heilt til Universidad Nacional de Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur vart oppretta i Argentina i 2010. Hadde det ikkje vore for dette så hadde symmetrien mellom Noreg, kor Universitetet i Tromsø faktisk er det nordlegaste universitetet i verda, og New Zealand vore komplett, iallfall med tanke på læringsinstitusjonar plassert i geografiske ytterpunkt. Uansett, det var ikkje dette eg skulle skrive om her no.

Kommunehospitalet, mitt campus på Københavns Universitet

I dette innlegget tenkte eg å reflektere litt over korleis det har vore å vere på utveksling. Å reise til eit anna land for så å bu der i eit semester byr sjølvsagt på mange gøyale opplevingar og nye intrykk, men det er òg ein del utfordringar som følgjer med. Tanken på å reise på utveksling er sjølvsagt veldig spanande, eg hugsar sjølv kriblinga før eg skulle reise, og eg vil råde alle som har mogleik til å reise på utveksling til å gjere det. Dette kjem kanskje til å høyrast ut som ein klisjé, men det er faktisk sant at ein veks veldig som person og at ein vert sikrare på sine eigne evner til tilpasse seg nye situasjonar etter eit utvekslingsopphald. Ein utvidar òg horisonten sin og innser kanskje at det finnes andre måtar å gjere ting på enn slik me gjer det i Noreg. Det er ikkje med naudsyn betre eller dårlegare i andre land, berre annleis. Ikkje nok med det, ein får òg ein unik mogleik til å utvide sin sosiale krins til å inkludere folk frå heile verda. Etter mitt utvekslingsopphald i Danmark og New Zealand har nettverket mitt brått vekse til å inkludere folk, ikkje berre frå dei landa eg budde i, men òg kringom i Europa, USA og Canada, for å nemne nokon.

Klokketårnet på campus i Dunedin

Når det er sagt, så er det ein gang slik at ein ikkje brått på magisk vis vert ein ny og betre person berre fordi ein har flytta til eit nytt land. Eg har sjølv kjent på kjensla om at ein må utnytta kvart bidige sekund ein er på utveksling og gjere mange nye spanande ting. Helst slike ting ein kan skryte om i sosiale media etterpå. Tru meg, det vil vere mange nye og kule opplevingar, men sjølv om ein er på ein ny og spanande stad så vil ein etter kvart verte innhenta av kvardagen som student. Sjølv på andre sida av verda vil det vere lange dagar på lesesalen, intens eksamenspugging og keisame økonomiske prioriteringar. Det sistnemnde har faktisk litt å seie, og med mindre ein har spart opp ein del pengar til å reise på utveksling så vil ein måtte budsjettere litt. Heldigvis er det slik at det er mange utvekslingsavtalar i Europa kor ein kan søkje om noko som heiter Erasmus-stipend, og då har ein brått litt meir å rutte med. Eit slik stipend fekk eg då eg studerte i Danmark og det hjelpte verkeleg sidan Danmark er eit høgkostland. Sjølv om det fort kan koste ein del pengar å bu i København så er det korkje så langt eller så dyrt å kome seg der til, og så er det òg ganske greitt at ein ikkje må betale skulepengar i Danmark. Då var det brått litt verre i New Zealand. Hadde det ikkje vore for at eg fekk den eine friplassen som UiB har gjennom utvekslingsavtalen med University of Otago så hadde eg måtte betale i nærleiken av 100 000kr berre i skulepengar. Det var altså berre for å i det heile tatt få lov til å studere der. Flybillett, som fort kostar over 10 000kr tur/retur, husleige og alt anna kjem utanom. Sjølv om eg hadde fått lånekassestøtte for å betale skulepengane så må eg ærleg innrømma at eg var heldig som slapp. Det som var greitt i New Zealand var at eg fekk ein stad å bu av universitetet som var relativt rimeleg, noko eg ikkje gjorde i Danmark. Der måtte eg ut på bustadmarknaden for å finne meg ein stad å bu og det var ikkje rett enkelt. Heile sumaren før eg skulle reise gjekk med til å leite etter leilegheiter og sende ut søknadar kvar dag. Til slutt fann eg heldigvis ein hyggeleg fyr som ville leige ut eit rom til meg i bydelen Nørrebro. Eg har ikkje ord for kor letta eg var då. Det er studentbustadar i København òg, men det er ofte ventetid på eit par år så ein må vere særs heldig for å få leige ein slik. Som de kanskje har skjønt til no så krev det å reise på utveksling at ein forbereder seg bitte litt på førehand.

Ein siste ting, det kan kanskje virke litt skremmande å vere så lenge og så langt borte frå familie, vener og eventuelle kjærastar. Her kan eg berre snakke utifrå mine eigne erfaringar, men som ein innehavar av alle dei tre tinga kan eg seie at det gjekk fint. Familie og vener er der gjerne framleis når ein kjem att frå utveksling og så er det jo berre kjekt å ha nokon å sende postkort til. Når det kjem til romantiske forhold, og no kjem eg til å høyrast ut som ein klisjé igjen, så gjeld det å kunne kommunisere og stole på kvarandre. Ja, det er til tider vondt å vere borte frå den du er glad i, men om de begge har bestemt dykk for at forholdet er verdt å ta vare på så toler det litt avstand. Om det vert tungt til tider er det kanskje fint å tenkje på at uansett kor langt bort ein har reist så varar ikkje eit utvekslingsopphald evig. Ein kjem alltid heim til slutt. Kanskje det til og med kan vere ein gylden mogleik for familie, vener eller kjærast til å reise til eit land dei kanskje aldri ville ha reist til slik at dei kan vitja deg. Det kan jo vere ein tanke.

For å oppsummera det kort: å reise på utveksling er utruleg spanande og gøy, men ein må vere forberedt på litt utfordringar og keisame stunder òg som elles i livet. Til dei av dykk som vurderer å reise på utveksling så har eg berre ein ting å seie: ta sjansen og reis ut! De kjem ikkje til å angre! Eg angrar ikkje eit sekund på at eg valte å bruke dei frie studiepoenga mine på utveksling. Det er ein unik mogleik til å oppleve eit anna land innanfrå og det er noko heilt anna enn å berre vere turist!

Dette vert mitt siste innlegg i denne bloggen og eg vil takke dei som har gidda å lese mine skribleri. Det har vore eit privilegium å få reise på utveksling og å få dele med dykk på denne måten. Eg håpar folk har vorte inspirerte til å ta steget og reise på utveksling sjølv. Takk for meg!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.