Kiwiana, ANZAC-day og 17. mai!

Kia ora! No har eg budd her i New Zealand i litt over fire månedar og det ikkje så lenge igjen av utvekslingsopphaldet. Dei fleste obligatoriske oppgåvene er no vorte levert inn og eg har berre eit par eksamenar igjen før semester offisielt tek slutt 20. juni. Det kjem difor til å verte ein del lesing framover, noko som eigentleg er heilt greitt for det byrjar å verte ganske kaldt her. Sidan eg sist kreiv i denne bloggen har eg gått ein del på fjellet, feira ANZAC-dagen og 17. mai, og besøkt ein ‘marae’ som er litt som eit maori samfunnshus.

Forrige veke var det 17. mai og sidan det er omlag 20 norske studentar her i Dunedin, nokon på utveksling mens andre tek heile graden sin her, så måtte me sjølvsagt feire! Heldigvis var det ei gruppe som tok initiativ til å arrangere sjampanjefrukost, leikar og 17. mai-tog som gjorde det til ei veldig vellykka 17. mai-feiring sjølv om det var nokre norske som reiste til Australia for å feire. Det kom til og med ein del kiwiar og andre utvekslingsstudentar med for å feire i lag med oss. Alt i alt ein veldig hyggeleg dag!

17. mai-toget poserar framfor det ikoniske klokketårnet.

Sjampanjefrukost!

 

 

 

 

 

 

 

 

Tur til ein marae

I dette innlegget tenkte eg òg snakke litt om New Zealandsk kultur, eller ‘kiwiana’ som eg òg har høyrd det vorte omtalt som. Sjølv om fire månadar ikkje er så utruleg lenge så vert ein ganske kjent med eit land sin kultur når ein er på utveksling, og spesielt når ein bur i lag med nokon frå landet. De har kanskje lagt merke til at folk frå New Zealand vert omtalt som ‘kiwis’ (eller ‘kiwiar’ som eg mykje heller vil skrive) og dette har å gjere med kivifuglen (‘kiwi’ på engelsk) og ikkje kiwi-frukta eller butikk-kjeden heime i Noreg (tru det eller ei). Kiviar er ei artsgruppe av flygeudyktige strutsefuglar som er endemiske til New Zealand og dei kan variere i storleik frå 25cm til 45cm i høgda. Dei er ganske så fascinerande fuglar og er dei einaste igjenlevande artane av strutsefuglar her etter at New Zealand vart kolonisert av menneskje. Før 1300-talet, som er omlag då maoriane busette seg her, fantes det ingen landlevande pattedyr i New Zealand og alle biologiske nisjer var tatt opp av fuglar som t.d. moa-fuglen, ein gigantisk strutsefugl som kunne verte opp til 3m (!!!) høg! Uansett, kiviane har fått status som eit slags nasjonalt symbol her i New Zealand grunna deira unike opphav, og for å vere heilt ærleg så har det nok noko å gjere med at dei rett og slett ser ganske så søte ut. Eg oppfordrar dykk til å google dei. Kiwi-frukta er forøvrig òg oppkalt etter kivifuglane, men det har å gjere med ein markedsføringskampanje som de sikkert òg kan google dykk fram til.

Mann frå Kiribati på museumet

Sånn, då veit de kvifor folk frå New Zealand vert kalla kiwiar, men korleis er det med kulturen? New Zealand kan på mange måtar minne litt om England, noko som eigentleg ikkje er så rart sidan landet vart grunnlagd av hovudsakleg engelske kolonistar i 1840. Den 6. februar 1840, for å vere heilt eksakt, er datoen for signeringa av Waitangi-traktaten mellom maoriane og dei engelske kolonistane som offisielt gjorde New Zealand til eit territorium under Det Britiske Imperiet. Dette er eit omstridt tema og mange maoriar meinar dei har vorte lurt og at traktaten har vorte brote mange gangar. Uansett, New Zealandsk kultur er mykje som engelsk kultur i det at dei begge praktiserar høfleg småprat med alle, ja til og med vildt framande folk, noko som me alle veit er heilt utenkjeleg heime i Noreg. Maten her minnar òg mykje om engelsk mat og det går mykje i forskjellige typar pai og fish & chips, men det går kanskje litt meir i sau og lam her enn i England. Det er eigentleg ikkje så mykje å skryte over altså, men heldigvis er New Zealand ein smeltedigel av kulturar og det fins restauranter med mat frå heile verda. Ellers så er rugby den dessidert mest populære sporten og så har dei ein del sære slangord som eg trur eg ganske så unike om ikkje felles for både Australia og New Zealand. Maoriane har framleis ein del unik kultur, men dei er i same situasjon som samane heime i Noreg i det at språket og kulturen deira vart lagt under press av storsamfunnet og forsøkt utsletta. Heldigvis har det vore ein del forsøk på å revitalisere både språket og kulturen, noko eg fekk oppleve då eg besøkte ein ‘marae’.

ANZAC-day

Ein dag som virker til å vere veldig viktig her i New Zealand er ANZAC-dagen den 25. april. Det er ein minnedag for soldatar som var med i Australia and New Zealand Army Corps (ANZAC) og andre som har tjenestegjort i militæret. Orginalt var det for å minne slaget om Gallipoli i Tyrkia under første verdskrig kor utruleg mange australske og new zealandske soldatar vart drepne. Dagen kan minne litt om 17. mai i det at så og seie alle er med på å feire den.

Det var alt eg hadde å kome med for denne gong. De får ha meg unnskyldt, for no må eg nesten tilbake til eksamenslesinga. Kia ora!

 

 

Gjer klar til leikar på 17. mai

Tårn oppe på Mt. Cargill

Lunsj oppe på Mt. Cargill

Oppe på Mt. Cargill

Mt. Cargill

Oppe på Organ Pipes

Organ Pipes

Inne i maraen

Oppe på Pineapple track

Fletting av harakeke i maraen

Marae

Blom fletta av harakeke

Treskjering på maraen

Var ein tur innom museumet med arkeologiklassen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.