En lille update

Heisann! No byrjar det verte ei stund sidan eg har skrive noko her i utvekslingsbloggen. Eg tenkte difor berre å skrive litt kort om kva eg har gjort i det siste.

For omlag tre veker sidan var det ei vekelang haustferie her i Købenavn. Eg har etterkvart vorte kjend med ein liten gjeng internasjonale studentar som gjerne ville sjå litt av Skandinavia, så me bestemde oss for å reise til Noreg og Sverige i haustferien. Sjølv om det kanskje ikkje var like spanande for meg som for dei så fekk eg iallefal mogleiken til å treffe gamle vener i Bergen. Me var eit lite reisefølge på omlag ti personar og eg fungerte som mellombels guide. Eg har rett og slett vore turist i mitt eige land, og litt i Sverige òg då, noko som har vore ei særs interessant oppleving. Ein får liksom sett ting som til vanleg er heilt banale med litt andre auge. Turen såg ut til å vere ein stor suksess og mange av mine internasjonale vener hadde lyst å kome attende til Noreg på eit eller anna tidspunkt i livet sitt. Nokre vart spesielt interessert i universitetet i Bergen og sa at dei gjerne ville ta master- eller doktorgrad der.

«Vi elsker Nørrebro»

Frå haustferie til noko heilt anna. Det byrjar å nærme seg kommunevalg her i Danmark. København flommar difor over med politisk reklame. Ein kan sjå det overalt kor ein går, og alle vil dei at du skal stemme på deira parti. Slik eg har forstått det så kan eg òg stemme i kommunevalget sidan eg no har fått eit CPR-nummer. Dette er eit nummer som fungerer litt som personnummer i Noreg. Ein må ha eit CPR-nummer for å kunne opprette ein dansk bankkonto, få seg ein fastlege her osb..  For å få eit CPR-nummer må ein først ha ei adresse som tillet å få tilsendt post. Det kan virke som om somme utleigarar er noko uvillig til dette, noko som sikkert ikkje er heilt på det reine. Eg har vore heldig og har ikkje opplevd noko problem med han eg leigar hjå, men eg kjenner fleire som ikkje har fått registrere CPR-nummer på adressa kor dei leigar. Dette var òg eit gjennomgåande problem då eg leita etter ein stad å bu i sommar, mange var rett og slett ikkje interessert i at eg skulle registrere CPR-nummer hjå dei. Sjølv om eg teknisksett har stemmerett så veit eg ikkje heilt kven eg skulle stemt på. Kanskje nokon som vil gjere leigemarknaden i København betre? Eg får vel gruble litt meir over det.

«Den Røde Plads» i Nørrebro. På høgresida kan de sjå politisk reklame.

Fredag 3. november var det forresten noko som heiter J-dagen her i Danmark. Det er den dagen Tuborg lanserer juleølet sitt. Her kan det sjå ut til at Tuborg har hatt enorm suksess med markedsføringa si då folk flokkar inn til København for å drikke årets første julepils på ein pub.

Eg har òg byrja setje pris på den norske sjømannskyrkja i København i det siste. Dei arrangerer studentmiddagar første torsdag i månaden med tradisjonsrik norsk mat som fårikål og komle. Så langt har eg berre vore der to gongar, men tenkjer å møte opp på julebordet deira òg kor dei skal servere juleribbe og alt som følgar med.

Det var det eg hadde å meddele for denne gong! Ciao!

På tur til Oslo

Stavkirka inne i Folkemuséet i Oslo.

Kaffibesøk inne i Folkemuséet.

Oppe på Fløyen i Bergen.

Utanfor rådhuset i Stockholm.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.