«Ansvarlig, rolig, ren og ikke-rygende pige søges.»

Eg har høyrd at «det er dejlig å være norsk i Danmark», og det kan so vere, men det er ingenting som er deilig med leiemarknaden i København for tida. Om de trudde Oslo eller Bergen var ille så er København på eit heilt anna nivå.

La meg først introdusere meg sjølv før eg går vidare med denne tankerekka. Mitt namn er Fartein og eg studerar sosialantropologi ved UiB. No til hausten skal eg utveksle til Københavns Universitet for å ta frie studiepoeng til bachelorgraden min. Eg har høyrd mykje bra om studentmiljøet i Købehavn, og dei skal visst ha god greie på antropologi der nede òg, så valet falt difor på København då det var tid for å søkje om utveksling. Det er heller ikkje eit minus det at det er så nære heim. Ein flytur frå Bergen til København kan koste så lite som 350kr og det kan kome godt med om ein brått saknar familie eller kjærast.

Uansett, nok om meg, eg skulle til å fortelje litt om korleis det var å finne ein leilighet i København. Den orginale planen min var å få tildelt studentbolig gjennom ein organisasjon som heiter UCPH Housing Foundation. Dette er ein organisasjon som skal hjelpe internasjonale studentar med å finne seg ein stad å bu i København. Eg skreiv meg opp hos dei etter at utvekslinga mi ved KU hadde vorte innvilga og tenkte at alt var i boks. Så feil kan ein ta.

Folk hadde fortalt meg at det kunne vere vanskeleg å finne ein leilighet i København, men eg tenkte ikkje noko over det sidan eg trass alt hadde søkt om studentbolig. Sommaren kom og det vart tid for å velge ein studentbolig. Denne prosessen byrja sjølvsagt midt i det som skulle vere ferien min og utan noko særleg forvarsel enn ein epost som sa at systemet opna seg om eit par dagar. Eg satt tre timar i kø på nettsida til UCPH Housing Foundation i resepsjonen til eit hostell i Budapest. Det visar seg nemleg at det var første mann til mølla når det gjaldt studentboligene dei kunne tilby og nettsida deira opererte på eit køsystem, noko eg sikkert burde ha visst på førehand. Som de kanskje har skjønt til no så vart det ingen studentbolig på meg. Eg nytta difor store delar av sommaren på å leite etter private utleigarar. Det var inga enkel oppgåve. Eg snubla heldigvis over nettsida boligportal.dk kor eg til slutt fann ein som var villig til å leige meg eit rom i fem månadar. I mellomtida sendte eg forespørslar til 95 forskjellige utleigarar som anten ikkje svarte eller som ikkje var interessert. Det var ein lang og nervepirrande prosess.

Sendte mail til 95 utleigarar. Eit fåtal av dei svarte.

Sendte mail til 95 utleigarar. Eit fåtal av dei svarte.

Eg veit ikkje heilt kvifor, men det kan verke som om dei fleste utleigarane i København helst vil leige ut til kvinner. Dette var iallefall mitt inntrykk då ein stor del av annonsene eg såg søkte etter «en ansvarlig, rolig, ren og ikke-rygende pige». Eg er kanskje ansvarleg, ryddig og eg røykar ikkje, men akkurat det siste kravet kunne eg ikkje innfri. Som eg nemnte tidlegare så fann eg til slutt ein leilighet, men då var eg ekstremt heldig. Utleigaren min har seinare sagt at han fekk om lag hundre svar på annonsa si etter at eg tok kontakt med han.

Det endte altså bra for meg til slutt og eg reiser til København kommande laurdag. Dette gledar eg meg til og eg ser fram til studiestart 1. september! Mitt tips til alle som vurderar å utveksle til København er å byrje å leite etter ein stad å bu i god tid før avreise. Det optimale for ein internasjonal student i København er jo å bu på eit av dei forskjellige studentkollegiene, men dei kan det vere opp til 2 års (!!) venteliste på.

Oppdateringar om korleis det er å vere student i København vil de få utover semesteret så det er berre å følge med her på utvekslingsbloggen! På gjensyn!

Fartein Hauan Nilsen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *