Vaflar, friterte poteter og krøll på tunga

Det har no gått litt meir nær halvannen månad sidan eg reiste på utveksling til Belgia og Vrije Universiteit Brussel i Europa-hovudstaden. På den tida har eg lært mykje om kor godt me UiB-studentar eigentleg har det, kva gjeld informasjon, tilgjengelege tilsette og reine, fine lokale. Sjølvsagt overskuggar det at ein er på ein ny plass med nye menneske og mange nye inntrykk dei små utfordringane i studiekvardagen, så eg lir verkeleg inga naud!

Det er naturleg nok mange universitet og høgskular i denne store byen, og difor også ein del utvekslingsstudentar. Me er om lag 100 internasjonale studentar frå heile verda som bur i lag på Van Orley International Student House. Mange forskjellige kulturarar oppå kvarandre kan fort føre til utfordringar, men det er jo rart kor godt det kan gå også. Det at me skandinavar et middag tidleg gjer i alle fall at hordane med spanjolar får ha kjøkenet for seg sjølve når dei skal til å mekke middag rundt midnatt! Om du som les dette plutseleg skulle finne deg sjølv på utveksling i Brussel er Van Orley plassen å bu. Belgiarar er gjerrige, men der fekk du altså eit gratis tips!

Då det akademiske året ikkje starta før i slutten av september hadde me mykje tid til å reise rundt og utforske denne flotte byen. Brussel har mykje gamal historie, og her er det litt som i New York: om du skal sjå noko må du gå med hovudet opp mot himmelen. Det er ikkje mange skyskraparar å finne der oppe, men det skortar ikkje på gullornament og falske fasadar på bygningane frå 1700-talet!

Brussel er ein svært mangfaldig by, og det er visst slik at over halvparten av innbyggjarane ikkje er fødde i Belgia. Hand nummer to må difor fort opp av lomma for å kunne telje på fingrane kor mange språk eg høyrer på ein liten tur ned til sentrum. Sjølv om det er kjekt med meir eksotiske språk, er ikkje dei ‘belgiske’ språka noko mindre interessante. Desse er fransk og flamsk (eller var det nederlandsk? Kan ein lingvist ta kontakt og forklare meg skilnaden?). Riktig nok er det også eit område i Belgia der dei snakkar tysk. I Brussel vert uansett båe fransk og flamsk praktisert, og språk er ei politisk skiljeline som har vore og framleis høgst aktuell rundt om i landet det vesle landet.

Denne språkpolitikken gjer seg utslag på dei raraste måtar. Ei gate heiter sjølvsagt ikkje berre Zavelput, men også Rue de la Sablonnière. Om ein skal til metrostasjonen Botanique kan ein like gjerne reise til Kruidtun, for det er ein og same stasjon. Dette kan sjølvsagt gjere navigering i byen noko vanskelegare, spesielt utpå kveldinga etter ein har smaka seg gjennom ein brøkdel av det store vellet av typar øl Belgia har å by på. Kanskje vil ein ete pommes frittes på vegen heim? Då har du valet mellom frietjes og frittes. Friterte poteter er godt både på fransk og flamsk! Det er freistande å dra ein parallell til språkdebatten i Noreg, der somme offar og orkar seg over eitt språk med to målføre. Me har det eigentleg ganske så godt!

Det er utan tvil spanande dagar i Brussel, og det byrjar gå opp for meg at dagane mine her er talde. Då er det berre å gjere det beste ut av det. Ein av dei mange kjekke tinga med utveksling er at ein trass alt kan rettferdiggjere det meste ein vel å ta seg til, spesielt det som ikkje har særleg fagleg utbyte. ”After all I am on exchange.” Og med dei orda lukkar eg datamaskina og traskar til vaffelvogna!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.