Newton og eplet

Servus! Mens eg skriv dette innlegget sit eg under eit tre rett utenfor bygningen som har vore mitt universitet dei to siste semestra. Min siste eksamen for semesteret er unnagjort. Kvifor så seint ferdig? Naja, det er på grunn av det forskjøvne utdanningssystemet i Tyskland.

Korleis er kjensla for eksamen? Naja, blanda og usikker.. Føler meg ikkje akkurat som Einstein når eg sit her og det er nyttelaust å håpe på ein forløysande tanke som Newton fekk då han fekk eplet i hovudet og kom fram til gravitasjonsloven.

Ein anna ting eg sit å tenker på, midt i godkjensla i at eg har ferie, er at dette er eit stort steg i retning av slutten på Erasmus-oppholdet. Det er verkeleg trist, men er også utroleg fornøgd med at eg valte å reise. 

Om eg råder andre til å ta emna på språket i det landet dei studere i, så er svaret ja viss du er motivert, men det krever mykje dersom du er som meg og har eit tynt grunnlag. Men det er viktig å ikkje gape over for mykje. Første semster hadde eg ein forelesning på tysk og ein på engelsk i samfunnsøkonomi i tillegg til tre små tyskfag i t.d. fornybar energi og tysk kultur. Det fungerte heilt ok.

I andre semester auka eg til tre forelesninger på tysk, i tillegg til eit grammatikkurs Det var kanskje litt overkill, men fant emnene interessante så eg tok ein sjanse. Nå er eg spent på kva resultatet blir.

Du må også ver forberedt på å kanskje ikkje bestå. Du lære kanskje ikkje så mykje i forelesningene, men du lære mykje av å sette deg ned med stoffet. Då blir du tvungent til å lære deg språket og slå opp ord du ikkje forstår.

Ciao, ciao frå Gard

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.