Freiburg og eit straffespark

Godt nyttår alle saman!

Mitt navn er Gard Severin og studerer samfunnsøkonomi ved universitetet i Bergen. Eg går to semester i utlandet. Ettersom eg har 60 frie studiepoeng i studieprogrammet mitt, var valet enkelt. Valet falt på Albert-Ludwigs-Universität Freiburg i Tyskland. Grunnen: Tilfeldig. Universitetet er eit av dei eldste universiteta i Tyskland og blir ofte rangert som eit av dei beste i landet. Byen blir rekna som den mest solrike byen i Tyskland og har stempel som ein grøn by. «Die Grünen», miljøpartiet i Tyskland, har eit sterk oppslutning her. Tanken var å lære seg eit tredje språk og det mest nærliggande var då å lære seg tysk som eg allereie hadde hatt fem år på ungdomsskulen og vidaregåande.

Eg tenkte eg skulle dele nokre bilete frå ein fotballkamp mellom Freiburg og Borussia Mönschengladbach som eg såg saman med nokre vener. Freiburg er eigentleg ein liten klubb som spelar på Schwarzwald Stadion. Med ein tilskuerkapasitet på omtrent 24 000 er dette puslete i forhold til andre tyske klubbar i Bundesligaen. Sjølv om Schwarzwald Stadion er liten, har den sjarm. Til tross for dette spelar Freiburg i det gjeve selskap.

Meg og mine vener

Er det noko som er rotfesta i kvar enn tyskar så er det retten til å drikke øl kor enn vil. Reklame for øl er like vanleg som reklame for tannkrem, sko eller sjampo. «Rothaus TANNENZÄPFLE» er eit tydeleg døme på dette. Dette er ein øl frå regionen.

Her sette bortefansen sitt preg på kampen akkompagnert med eit par trommer.

Etter min meining var Freiburg best og skapte dei beste sjansene utover i kampen med to skot i stengene. Kampen endte 1-0 til Freiburg. Målet blei satt på straffespark. Hendinga forut straffesparket blei først ikkje dømt som straffe, men etter at dommaren hadde sett hendinga på nytt pekte han på ellevemeteren.

Video: Andrea Boselli

Dette er første sesongen at videodømming blir prøvd ut i ein større liga. Dette betyr at i grove forseelser av dommaren t.d. dømming av straffe når det ikkje skal ver straffe eller rødt kort som ikkje burde vore rødt kort vil dommaren kunne ta i bruk video for å sjekke den gitte situasjonen.

Liebe Grüße

Gard Severin

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.