Pontificia Universidad Catolica de Chile

Til deg som lurer på korleis det er å studere på eit chilensk universitet: her kjem eit innlegg med forhåpentlegvis svar på eit par av spørsmåla dine – ting eg lurte på men ikkje hadde nokon å spørje om før eg reiste.

 

Fyrste skuledag

Universitetet mitt er eit av mange i Santiagos forholdsvis store Universitetsjungel, men saman med Universidad de Chile er La Catolica dei mest anerkjente (UiB har utveksling til begge).

I løpet av februar i vekene før semesterstar fekk eg kontinuerleg informasjon på e-post om introduksjonsveka, aktivitetar og praktikalitetar. Eg opplevde dette som velfungerande, med ein god informasjonsflaum. Universitetet mitt har fleire campus ulike stadar i byen, hovudcampuset er Campus Central, lett tilgjengeleg via metro i sentrum av Santiago. Her vart alle utvekslingsstudentar mottatt med ein opningsseremoni, utdeling av studentkort og diverse informasjonsmateriale om moglegheiter for tandem, frivillig arbeid og generell studentvelferd. Etter denne sesjonen vart det avholet ei slags messe, kor ein studentrepresentant frå kvart institutt kom og du kunne (med utdelt kurshefte) stille spørsmål og snakke med representantane for å finne ut kva fag du ynskja å ta.

Eg meldte meg opp i følgjande fag:

  • Interdisiplinario Derechos Humanos (menneskerettar i eit interdisiplinært perspektiv)
  • Organizationes Internationales (Internasjonale organisasjonar)
  • Mujeres y politica en America Latina (kvinner og politikk i Latin-Amerika)
  • Historia Chilena Contemporana (Chilensk nyare historie)
  • Antropologia America Latina (Antropologi i Latin-Amerika)

 

Skulekvardag

Om morgonen tek eg metroen til Universitetet kor eg har alle fag på same campus (San Joaquin). Eg tek metroen frå Tobalaba til Baquedano, kor eg bytter for siste stykke med den grøne linja. Det tek meg mellom 30 og 40 minutt. Mitt campus er enormt, her finn du det som på UiB ville vert HF, MATNAT, SV, Medisinsk og Odontologisk. Campus har fontener, parker, kafear, bibliotek, fotballbane, svømmebaseng, sykkelsti og kyrkje.
I det som fungerte som vår fadderveke vart det organisert festar og turar dagleg dei fyrste to vekene, og Universitetet har ein organisasjon beståande av frivillige studentar, som veileder utvekslingsstudenter. Dei viste oss rundt på campus og forsikra oss om at døra alltid var open for å få hjelp til kva som helst.
I byrjinga var det noko vanskeleg å orientere seg på campus, men det gjekk seg fort til.

Førelesningar

Forelesningsstilen er intim, og fungerar meir som klassisk klasseromsundervisning med kontinuerleg dialog mellom studentar og professor. Det er forventa at studentane har lest pensum til kvar førelesning – for det blir heile tida stilt spørsmål frå professor til salen som det forventas svar på. Kvart fag har forelesning to dagar i veka, døme: mandag og onsdag 10:00-11:20. Forelesningane varar alltid 80 minutt utan pause.

Det eg har opplevd som gjennomgåande er at førelesningane varierar veldig frå fag til fag. Professorane har mykje makt, og mellom studentane vert dei parodiert som gudar ein må smiske til. I tillegg så vert karakterar offentleggjort ofte i form av lister hengande framme i forelesningssalen. Sjølv om det var uvant i byrjinga så ser eg klart fordelane med openheit om karakterane.

Vurdering

Eg var overraska då eg fant ut at det blei tatt tilstedeværelse halvparten av faga mine. Det skjer i form av ei liste som vert sendt rundt kvar førelesning – kor du skriv namnet ditt og signerer. Det er sjeldan obligatorisk å delta på førelesningar, men tilstedeværelsen din på førelesningar (sjølv om du ikkje skulle sei noko høgt nokosinne) tel med på karakteren i faga. Eit fag har typisk 3 prøvar som tel tjue prosent kvar, ti prosent tilstedeværelse (det er her munnleg deltaking lønner seg, men det vert også gjerne avholdt 2-3 uanmeldte forelesningskontrollar for å sjå om du har lest dagens pensum). Dei siste tjue prosentane er typisk i form av enten ein eksamen, ein presentasjon eller eit essay. Med krav om å ta fem fag har dette utgjort minst ei vurdering i veka for meg sidan midten av mars. Det er definitivt tungt, og går sakte når alt er på spansk. På det meste har eg hatt fire prøver på ei veke. Dei andre utvekslinsstudentane tek enten tre eller fire fag, men har i motsetning til meg ikkje moglegheit til å velje omtrent fritt mellom faga.

Kvart fag har altså fleire vurderingar, og sluttkarrakteren i faget vert rekna ut som eit gjennomsnitt. Karrakterskalaen går i tal, frå éin til sju kor alt over fire er bestått. Den høgaste karakterane eg har fått så langt er 6.8, den lavaste 4.3. Når det er sagt så er chilenske studentar kjent for å arbeide med høg intensitetet, og det er mykje som står på spel når du studerar ved eit av verdas dyraste universitet.

 

18816292_10155265685208955_301048516_n18788548_10155265682758955_1333138592_n

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.