Santiago de Chile

Santiago sentrum

Dette innlegget handlar om Santiago, og inneheldt ei utgreiing om mi eiga erfaring i møte med byen, livet der samt refleksjonar, tips, erfaringar og anbefalingar for deg som er nyfiken.

Før avreise var eg mest av alt spent på korleis det ville bli å bu i Santiago. På tross av forsøk på å google meg klok på denne hovudstaden som romma sju millionar menneskjer, visste eg ikkje kva eg kunne forvente. Anna enn Wikipedia og ulike reisebloggar fant eg ikkje fram til nemneverdig god informasjon. Dette skapte utfordringar hovudsakleg med tanke på bustad, men eg bestemte meg etter tips frå UiB, for å ta språkkurset mitt i Valparaiso (som eg fant langt meir informasjon om enn Santiago). Med det fekk eg bestilt og planlagt fyrste etappe; leige rom i kollektiv i Valparaiso for februar, noko eg tenkte ville gje meg meir tid til å finne noko i Santiago etterpå.

Planen min før eg kom ned var altså: Landa i Santiago i midten av januar, bu på hostel og vandre rundt i byen for å gjere meg kjend og skape ei oversikt, flytte til Valparaiso i månadsskifte januar-februar (omlag 1 time unna med buss) og bu der i februar mens eg gjekk på språkkurs, for så å flytte tilbake til Santiago helga før semesterstart fyrste veka i mars.

Språkkurset var eg nøgd med, det finnes berre ein språkskule i Valparaiso og eg hadde dermed ikkje noko val – men kvaliteten på undervisninga og ikkje minst lærarane var høg. Eg hadde stort læringsutbytte og følte at spansken min forbetra seg betraktelig. Det å ta det i Valparaiso i seg sjølv var ei fryd, eg forelska meg i byens atmosfære og kulturtilbod. Vurderer du å reise på utveksling til Chile, vil eg anbefale å ta språkkurset i Valparaiso. Det er ein mindre by, innbyggartalet er røft rekna på nivå med Bergen, og det er ein fin “introduksjon” til landet.

Etter perioden i Valparaiso returnerte eg til Santiago, framleis utan å ha funne leilegheit. Eg kom fram til at det for det fyrste: kom til å ordne seg, og at eg for det andre ikkje ville leige usett. Eg fekk forklart korleis dei ulike bydelane var og chilenarar anbefalte meg nokre, og fråråda resten. Regelen “dei lokale veit alltid best” er fin å hugse på. Santiago er ein metropol med store klasseskilnadar, samt variasjon i standar, tryggleik og levekår frå bydel til bydel. Providencia og Las Condes var dei nabolaga eg enda opp med å leite etter leilegheit i, og det enklaste er facebookgruppa “flat finder Santiago”, her fant eg etter 5-6 visningar, til slutt mitt kollektiv kor eg flytta inn.

Eg flytta inn eit steinkast frå metrostoppet Tobalaba, midt på grensa mellom Providencia og Las Condes. Eg hadde mitt eige bad og soverom, og delte resten av fellesareala som i eit vanlig kollektiv. Bygningen var bevokta med døgnbemanna resepsjon, og eg betalte 210.000 chilenske pesos i månaden (omlag 2600 nok). Ettersom eg verken kjende dei to chilenske gutane på 27-28 år som eg enda opp med å bu saman med, var eg spent på korleis det skulle bli å bu der. Det skulle eg ikkje angre på at eg tok sjansen på, me hadde det kjekt, dei viste stor gjestfridom, OG eg fekk praktisert spansk.

21764214_10155603832943955_880532592_o1

Dei fleste utvekslingsstudentar eg kom i kontakt med budde som regel saman i større kollektiv med omtrent utelukka andre ikkje-chilenarar. Når eg tok fatt på boligjakta hadde eg to hovedkrav; det skulle vere sentralt plassert nær metro, og leilegheita skulle delast med spansktalande. Basert på mine erfaringar vil eg anbefale å bu saman med chilenske jamnaldrande, det er utan tvil av faktorane som sørga for at eg hadde ei så godt utvekslingsoppleving som eg hadde.

Med tanke på dagleglivet i Santiago så fant eg meg raskt til rette. Det var ein stor park ein kort spasertur frå leilegheita vår, kor eg ofte opphaldt meg. I tillegg til det, fanst alt av supermarknad, grønnsaksmarknad og øvrige butikkar ein skulle trenge i nærheita, samt metro ( anbefalar å leite etter leilegheit i nærheita av metrostopp!).

Parken

Det er generelt sett eit stor fritidstilbod i Santiago, og du finn noko for ein kvar smak. Eg naut godt av at kulturtilbodet, dei fleste museum er gratis for studentar og det er mykje å velje i. Eg gjekk fleire gonger på museum for menneskerettar, som dokumenterar perioden med diktatur i Chile. Ettersom eg tok fag på universitetet om den politiske historia – då med fokus på diktaturet og kuppet i 1973 – var det ekstra interesant å få gå og lære om denne epoken på muset. I tillegg til det, besøkte eg også operaen og balletten som var rimeleg for studentar, i tillegg til ulike politiske møter og diskusjonsgrupper samt at eg deltok saman med venner i demonstrasjonar for senking av skulepengar og fri abort. Eg opplevde på ingen måte å kjede meg i Santiago, det var alltid noko å finne på.

Noko anna som var kjekt i Santiago var dei mange turmoglegheitene. Me reiste ein gjeng på slalåm i Andesfjella som omringer Santiago, skisenteret var ein time unna med buss og det var uproblematisk å leige utstyr og klede. Vidare finn du turløyper liknande Fløien og dei andre byfjella i Bergen, omringande Santiago. Den mest kjent og kanskje best besøkte er Cerro San Cristobal, enkelt tilgjengeleg frå sentrum av Santiago. Det var deilig å ha det så tilgjengeleg, og chilenarar flest er på same måte som nordmenn glad i å betytte seg av naturen.

Transport: Metronettet er påliteleg, trygt og har mellom anna stasjon rett utanfor La Catolicas hovedcampus: San Joaquin. Pass godt på verdisakene dine på metroen, ikkje ha det utanfor synsfeltet. Eg opplevde aldri verken forsøk eller faktisk tjuveri på metroen, men eg høyrte om nok av folk som ikkje var like heldig. Har du smarttelefon kan du gjerne laste ned metroen sin applikasjon, der har du rutenett og tider. Avgangar er så pass hyppig at det ikkje er noko vits i å sjekke det, men den stenger tidlig både helg og vekedag, mellom 22:30 og 23:00 går siste avgang. Heldigvis finnes det fleire alternativ: Micro (buss på Chilensk) går heile natta, men her skal du vere ekstra påpasseleg for tjuveri. Eg tok sjeldan eller aldri micro, berre i Valparaiso, men eg opplevde den som heilt uproblematisk, og eit greitt alternativ til metro.
Kjøp deg “BIP”-kort, busskortet som går til både Micro og Metro i Santiago.
Dersom eg skulle flytte på meg etter metroens stengetid, tok eg som regel Uber eller taxi. Begge fekk eg fortalt at var trygge, og eg opplevde aldri ubehag eller at eg var utrygg sjølv om eg gjentatte gangar tok det aleine, på vei heim mellom 23:00 – 07:00.

Butikkar: Du finner eit stort utval av matvarer på supermarknada, både vegetarsk, vegansk og økologisk. Jumbo er den dyraste kjeda, men då også den med størst utval. Kjøp alt av grønsaker og frukt på La Vega (grønnsaksmarknaden) sentralt i Santiago, kor prisane er langt lågare enn på butikken.

Alkohol: Det er alkoholutsalg på dei aller fleste daglegvarebutikkar, og etter deira stengetid finnes det eit flust av små “botellerias” som sel alkohol, med varierande opningstider fram til klokka 03-04 på natta. Det er forbod mot å drikke offentleg i Chile, og det er ein reell sjans ein vert bøtlagt dersom ein trosser lova.

Tryggleik: Det varierar frå bydel til bydel, ein regel eg fekk fortalt var “ikkje under Baquedano, ikkje lengre vest enn la Catolica” (dette refererar til metrostoppa med desse namna). Det du kan risikerer i Santiago er å bli rana, det skjer i dei aller fleste tilfeller på ein ikkje-valdeleg og diskré måte, i form av lommetjuveri du ikkje kjenner. Gå derfor ikkje aleine ute når det er mørkt, og hold deg unna det du høyrer er utrygge nabolag/bydelar. I løpet av mine månadar i Chile opplevde eg ingenting av verken ran eller anna kriminalitet, eg tok med meg pc til universitetet kvar dag i ryggsekk og eg vandra ofte ute med min smarttelefon. Men – ta som sagt forhandsreglar. Eg fekk raskt fortalt at eg aldri måtte ta telefonen opp og ut mens eg var utandørs, stå altså ikkje synleg med telefonen din.

Uteliv: Området av Santiago kor du finner den største annsamlinga av barar og klubbar, heiter Bellavista. Dette ligg eit steikast unna metrostoppet Baquedano, og har eit yrande folkeliv kvardagar og helger etter klokka 23. På dagtid er det mange restaurantar og kafear her, og her er fint å gå og spasere. Utelivet i Chile er noko annsleis frå det norske, ein går gjerne ikkje ut heimafrå før rett etter midnatt, og stengetida på utestadane varierar frå klokka fem til sju om morgonen. Nokre plasser heldt opent til ni, og om du skulle vilje halde fram då er det alltid nokon som inviterer til etterfest. Chilenarar er glad i å danse, og det er i stor grad det ein gjer når ein går ut i Bellavista.

Prisnivå: Som nemnt i mine tidlegare blogginnlegg, så er prisnivået i Chile lågt samanlikna med det norske – men høgt samanlikna med resten av Sør-Amerika.

 

La Catolica

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.