Bienvenido a Chile!

img_6771

For å byrje med byrjinga; utveksling var noko eg tenkte på i fleire omgangar. At eg ville på utveksling – før eller seinare – var på mange måter ein sjølvfølge, men når og kor brukte eg tid på bestemme meg for. Semestra på UiB gjekk fort, og plutselig nærma mitt 4. semester seg slutten.

Eg søkte meg til to ulike universitet i Santiago, hovedstaden i Chile. Så langt vekke som mogleg, nesten!
For dei som er midt i denne prosessen no, eller som berre er nyfiken på utveksling og korleis søknadsprosessen fungerar, så kan eg sei at det er fyrst etter du har fått innvilga utveksling at arbeidet byrjer. Eg måtte mellom anna reise til ambassaden i Oslo for å hente visum, (som også var tidskrevjande å søke om), og sende inn ei lita avhandling av dokumentasjon til det som skulle bli mitt universitet i Chile. Fult så ille som det no høyres ut som, var det ikkje. Mitt råd: begynn tidleg!

Undervegs i søknadsprosessen fekk eg all veiledning og informasjon av utvekslingsavdelinga på SV, samt den delen av UIB som hadde spesifikt med utveksling til Sør-Amerika å gjere. Synest du det er vanskelig å orientere deg vil eg råde deg til å ta kontakt med  apparatete UIB tilbyr for  utveksling. Eg kom fleire gangar innom og fekk gode tips og råd, også når eg måtte ta avgjersler og syntest var vanskeleg. Takk for hjelpen!

Som student ved institutt for samanliknande politikk har Chile vert eit land som har interessert meg, med den tildels moderne imperialismen med Chicago boys; nyliberalismen og diktaturet under Pinochets etter kuppet mot Allende. Det er fascinerande å få moglegheit til å leve eit par månadar i eit så spanande land, å møte jamnaldrande lokale studentar i dialog om Chilensk politisk historie.

Dagen før julafta kjøpte eg flybiletter, etter å ha finkjemt diverse moglegheiter og leita etter fleksible biletter for ein reiselysten utvekslingsstudent med beslutningsvegring. Eg landa, til slutt, på KLM –  (tips til deg som lurer på Sør-Amerika). Det som er greitt med dette alternativet er at du kan endre returen, både dato og by, for eit forhaldsvis lite gebyr. I skrivande stund ynskjer eg å reise vidare, etter semesteretsslutt, og det er fint å vite at eg har moglegheita til det, med flybiletten eg allereie har kjøpt.

Tidlegare har eg reist i Sør- og Mellom Amerika, og fleire opplevingar eg har hatt i Chile er  så langt gjenkjenneleg. Eg ankomm Santiago 24. Januar, mutt aleine med 23.4 kilo bagasje i ein massiv ryggsekk, ei veke før språkkurset og fem veker før semesteret mitt starta på Pontificia Universidad Católica de Chile.
Skal du reise åleine tør eg påstå at Sør-Amerika må vere eit av dei enklaste stadane å gjere det i. Kulturen er heilt ubegripeleg open, varm, hjelpsamm og avslappa. Fyrste dagen min i Chile tilbrakte eg med to chilenarar eg møtte i minibankkø på flyplassen, ein knapp time etter at eg landa. Dei viste meg delar av Santiago, innviterte meg heim og laga tradisjonell chilensk mat.

Den fyrsje veka budde eg på hostel, mens eg forsøkte å orientere meg og gjere meg litt betre kjent i byen. Santiago er først og fremst ein svimlande stor by. Med over sju millionar innbyggarar finnes her få likheitstrekk med Bergen, eller Oslo for den saks skyld. Metronettet er eit godt utgangspunkt for å forstå byen og å komme seg frå A til B.
Chile er dessutan eit nokså sentralisert land, og Santiago er landets sentrum for alt (forutan kultur – det ligg til Valparaiso).

Etter ei veke i Santiago reiste eg til Valparaiso, kor eg tok eit fire veker langt språkkurs, samstundes som eg leiga eit rom i eit kollektiv. I ettertid ser eg heilt klart fleire fordelar med å gjere det på den måten, eg blei kjendt med ein annan (og veldig annerleis) by, samt eg fekk eit nettverk av venner og kontakter utanfor Santiago og dei andre utvekslingstudentane eg ville møte så snart semesteret byrja. Eg hadde ein utruleg kjekk månad i Valparaiso, og møtte mennesker frå heile verda via språkkurset, både reisande og andre utvekslingsstudenter. Eg anbefale på det varmaste å dele språkkurs – universitetssemesteret opp på denne måten, for deg som ynskjer å få litt meir ut av utveksling enn berre universitetet og aktivitetar det tilbyr.

Valparaiso var ein spesiell by, og eit populært stopp for backpackarar på gjennomreise i Sør-Amerika. Atomsfæren er meir avslappa enn i millionbyen Santiago, Valparaiso er dessutan farga av dets imponerande grafittikunst, trange smau og lange snirklete trappeganger. Med eit innbyggartal på omlag det samme som Bergen, opplevde eg Valparaiso som ein søvnig havneby, proppfull av kulturtilbod. Det var alltid ein festival, gratis utendørskonsertar eller danseoppvisningar ein kunne stikke innom.
Den chilenske sumaren (avhengig av kor i det landstrakte landet du befinn deg) varar omlag frå november til april. Eg tilbrakte februar i Valparaiso, med tilgang til hav og sandstrender då temperaturen låg på rundt 25 grader, mens den i Santiago (som alltid er varmare enn Valparaiso) var på 33 grader i snitt.

 

Litt tal og fakta:

  • Mynteinheit: Chilenske pesos. 1000 pesos = 12.5 nok. Det er gebyrfritt for utenlandskekort å ta ut kontantar i alle ScotiaBanks terminalar, i alle andre betalar du omlag 6000 pesos (tilsvarar 75 nok).
  • Språk: Spansk. Engelsk er obligatorisk i grunnskulen, men det blir ikkje gitt karakter. I tillegg er den Chilenske spansken nokså prega av modisme, «s» vert ikkje uttalt og det er ein drøss med slang du vil møte på.
  • Tidssone: UTC -3, 5 timer bak Noreg.
  • Transport: I Santiago er metro det desidert enklaste. Sørg derfor for at du bur nært nok metrostopp til å sleppe å ta buss (micro på chilensk) til stoppet. Rushtid er mellom 07:30-09:30, og 17:30-19:30 ( tradisjonell arbeidstid er noko annerleis frå Noreg) Skal du reise innan Chile forøvrig, er bussnettverket det du kjem til å bruke. Billeg, godt utbygd og trygt.
  • Religion: Katolisisme. Vert gjerne karakterisert som eit av dei mest konservativt katolske landa i Sør-Amerika, med totaltforbod mot abort og eit generelt sterkt tilstadeverelse av den katolske kyrkja i det Chilenske samfunnet.
  • Klima: Frå eit regnfult Patagonia med kort sumar i sør, til Atacama ørkenene – verdas tørraste – i nord. Santiago er på same breddegrad som Casablanca i Marokko, med ein veldig varm sumar og ein mildt kort vinter.
  • Mat: Chilenarar er glad i grønnsaker, spesielt potet og mais. Det går mykje brød og kjøtt, sjølv om dei jamnt over er sparsom med krydder.
  • Styreform: Republikk, einheitsstat. Presidentval i november 2017.

 

 

img_6745img_6927

I neste innlegg skal eg fortelle om universitete mitt og studentlivet i Santiago, så langt.

Saludos!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.