Throwback!

Servus Leute! (Hallo folkens)

Etter snart 3 månader i Norge kjenner eg abstinensene på å komme meg ut i verda på ny, men først tenkte eg å skrive mitt siste innlegg på denne bloggen. 

Det viktigaste, men også det mest klisjefylte eg har lært er alle tinga som gjer oss menneske til menneske. Sjølv om landegrenser, kulturer og språk deler oss menneske opp i forskjellige grupper og stereotypier, kvar med sine særtrekk, finst det nokre universelle trekk som binder oss saman. Dette er ikkje noko nytt for meg, men noko som har blitt forsterka etter opphaldet mitt i Freiburg.  Ulempen med at land blir framstilt som farlege og fiende, er at alle menneska frå desse landa automatisk blir omgjort til ein masse med like meininger, holdninger, væremåter etc., men dei er jo like forskjellige som oss.

I Freiburg møtte eg menneske frå vidt forskjellige land og kulturer. Me kjenner oss igjen i Italia, Frankrike, England og USA, men land som Taiwan, Ungarn, Kina, Sør-Korea, Kasakhstan og Polen viser bredden av land og kulturer som var representert i denne byen. Med så mange menneske frå så mange forskjellige land er det så kjekt å få bevis på det motsatte: At det er meir ting som gjer oss like, enn som skiller oss.

Det er kanskje denne essensen som eg syns er så interessant og som gjer at eg verkeleg anbefaler å reise på utveksling. Du vil oppleve å bryte fordommer og oppleve å kunne, til tross for ulike kulturer, regimer og interesser, finne felles ting å snakke med alle om. Dette fordi det er enkelte ting som er så universelle og som gjer oss menneske til menneske.

Beste Grüße (Alt godt)

Gard Severin

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.